Sprang for Gunvor Holmberg i Ålesund

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Jun 2024

Sprang for mor og bestemor i Ålesund

 

Søstrene Emma og Christina Holmberg er vel kjende i VIL-miljøet. Mellom anna som jentene som på imponerande vis la bak seg over 130 000 meter i eit 24 timars løp i Oslo. Yngste-søster Sophia er ikkje stort ringare. Ho er den einaste i VIL som har sprunge halvmaraton før sin eigen konfirmasjon. Sophia gjorde dette på dispensasjon, dagen før sin eigen konfirmasjonen.

 

I dag var trioen på plass i Ålesund. Lagnaden ville det slik at dei denne gongen sprang for bestemor Gunvor Holmberg, som gjekk bort for få dagar sidan i ein alder av 91 år. Søstrene heldt saman gjennom heile løpet og kryssa mållina på tida 2.15.33. Ei tid som heldt til klassesiger for Sophia i klasse K 16-17.

 

Søstrene var ikkje åleine om å representere familien Holmberg. Tanta til jentene, Anita Holmberg, var mellom deltakarane i løpet over 5 km.

På denne måten gjorde ei dotter og tre borneborn stas på ei mor og bestemor – heidra på ein stillfarande og verdig måte.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.