Ålesund Maraton: Kvar går vegen vidare..?
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Jun 2024
Flott løparfest i Ålesund laurdag 8.juni, der mykje var bra, men litt riv ruskande gale.
Ein gild dag for dei løparglade i Ålesund laurdag 8.juni Barneløp, stafett, jugend-jogg, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Kring 1300 deltakarar i alt. Og eit stort tal funksjonærar – betalte funksjonærar - som gjorde ein kjempejobb. Trass i at mange av dei arbeidde under vanskelege kår.
Vanskeleg kår fordi der også var tre ovstore cruisebåtar i byen same dag. Båtar som genererte stor ferdsel, inkludert buss-trafikk i gatene. Og hordar på 30-40 menneske som skulle krysse løps-traseen samstundes, med vandrande – og høgt heva blikk - på vakre bygningar og anna som var å sjå. Somme stadar var det rett å kalle jobben som løypevakt «særdeles krevjande».
Sjå foto! Her kom ein personbil, som plent nekta fylgje løypevakta sitt teikn og rett og slett «stengde» løypetraseen. Om lag samstundes kom ein diger buss på utsida av personbilen og dobbel-stengde der løparane skulle springe. I løpet av eit blunk vart næraste løypevakta vitne til ein totalt uventa «sjakk matt-situasjon». Og det var ikkje EI løypevakt som opererte i dette krysset, nei der var SEKS med gule vestar under heile løpet. Slik kan ikkje ein seriøs løps-arrangørar ha det.
«Geiranger frå fjord til fjell» hadde same problemet nokre år. På det meste skulle nær 1000 utøvarar der inne ta seg frå fjorden til toppen av Dalsnibba med stor busstrafikk på smale vegar. Dei tok konsekvensen av sine problem, og fekk inn ordninga med «cruisebåt-fri dag» den dagen «Geiranger frå fjord til fjell» vart arrangert. Og det gjorde susen.
Så vidt vi skjønar ynskjer arrangøren av Ålesund Maraton at arrangementet skal vekse. Noko det fort gjort kan gjere. 3000-4000 deltakarar er ikkje umogleg, men det må gjerast grep. Då må det samarbeid til. Talet cruisebåtar på løpsdagen må ned (helst ingen), og deler av løps-traseen må rett og slett stengast for bil/buss-trafikk eit par timar. Er ikkje dei styrande i Ålesund villige til slike grep, har Ålesund Maraton inga framtid. Ikkje som eit sentrums-arrangement, i alle fall.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.