2 X Hole i Birkebeinerløpet

Postet av Atle Jomar Hole den 16. Jun 2024

Arkivfoto

Lagnaden er ikkje alltid så grei i idrett.

 

Her kjem ei lita sak om Roger Malvin Hole, Velledalen IL sin einaste deltakar under Birkebeinerløpet på Lillehammer laurdag 15.juni. Sjølv om Myrdalsfjellet kan synast truskuldig – og far Elling Hole er «stamgjest» der på turfronten - var det nettopp ein tur dit som gav Roger ein «halv-kollaps». Og det var ein tur til Myrdalsfjellet som kosta Roger sin son, Oskar, eit beinbrot sist vinter.

 

Nok om det. Roger har pleia helsa og halde seg borte frå større konkurransar i lang tid. No var tida komen for ein test. Sjølvaste Birkebeinerløpet, eit halvmaraton i terreng, på vegar og stiar. Tilhøva var ikkje dei beste, løpet vart prega av mykje gjørme, i alle høve for dei som ikkje starta tidleg. Men Roger fullførte – med stil. Og han sprang seg oppover resultatlista. På fyrste meldepost ved Sjøsætervegen var han nummer 88 i klasse M 55-59. I mål hadde han sprunge seg 10.plassar fram, til ein 78.plass

     Så var det dette forbaska Birkebeinermerket då. Gjennomsnittstida til dei fem beste i klassa + 25 prosent. I klasse M 55-59 vart merkekravet 1.47.37. Roger kom i mål på 1.47.48. Elleve sekund bak!

 

Birkebeinerløpet 15.juni 2024

Resultat klasse M 55-59 (200 fullførande):

1. Bjørn Ole Vassbotn, Volda T&IL, 1.23.30

2. Geir Øvergård, Trysil SK, 1.25.08

3. Rune Svartvådet, Hamar Skiklubb, 1.25.43

4. Jon Per Nygård, FIK Ren-Eng, 1.26.02

5. Per Henning Bjerva, Ås IL, 1.30.04

10. Petter Quist-Paulsen, Noteam, 1.32.06

25. Tord Bern Hansen, Sk Rye, 1.37.23

39. Odd-Egil Fredriksen, Isfjorden IL, 1.40.39

59. Carl Gunnar Orset, Torvikbukt IL, 1.44.21

78. Roger Malvin Hole, Velledalen IL, 1.47.48

88. Geir Ove Leite, Skodje, 1.49.40

107. Per olav Fladset, Spkl. Rival, 1.53.16

156. Trond Tungesvik, Molde CK, 2.13.56

180. Leif-Ståle Engdahl, Torvikbukt IL, 2.22.51

192. Leidulf Årvik, Noteam, 2.39.41

 

Så hoppar vi til klasse M 65-65, med ein romsdaling som vinnar, nemleg Magnor Rypdal. Og som ein god nummer to, Torstein Hole. Han representerer Emblem IL, men har sterke slektskapsband til Hole i Velledalen. Faren Torleiv, bur no på Stranda, men voks opp i Knutgarden på Hole. Torild som bur i Knutgarden no, er systera. Torstein brukte 1.38.44. Vi tek også med at Odd Jarle Døving, Valldal IL vart nummer to i klasse M 70-74 på tida 1.48.48. Sluttleg nemner vi at Øystein Mårstøl, som kom på plassen føre vår eigen Tom Audun under KM på Vartdal i klasse M 45-49, ja han tok ein sterk 6.plass under Birkebeinerløpet på tida 1.22.21. I tillegg hadde sunnmøringane fleire andre topp-10 plasseringar på Lillehammer. Kanskje fleire enn Roger Malvin frå Velledalen IL burde stille her i 2025…?


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.