OCR-EM, Folgaria, Italia

Postet av Atle Jomar Hole den 16. Jun 2024

Anette Jokstad og Nikolai Handle Jensen har no vore i aksjon, både på kort og lang distanse.

 

Fredag vart EM over kort distanse (ca 3 km) arrangert. Her var Anette i aksjon. Sjølv om ho ikkje sjølv var heilt nøgd, må det seiast at ein 10.plass i kvinner elite i eit EM er ein flott prestasjon.

 

Laurdag var både Anette og Nikolai i elden i det som vert kalla lang distanse. Med ei konkurransetid på langt over timen, sjølv for dei beste. Anette vart her nummer 20 i eliten, ei plassering fjorårets beste norste OCR-utøvar neppe er nøgd med.

 

Nikolai var også i aksjon laurdag. På lang distanse. Han skriv fylgjande på STRAVA.

  • OCR-EM: Tid 1.31.01. Godt fornøgd. 9.plass i aldersgruppe 35-39. Totalt av alle – eliteklasser inkludert - nummer 77. Atterhald om feil og justeringar.
  • Klarte alle hinder, men litt mye «safing». OK trøkk i løpingen, men i overkant bratt terreng for meg.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.