Fyr til fyr 2024: Kjell Magnar vann og sette løyperekord

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Jun 2024

Vinnartida i 2023 var 6.03.54. I dag vann Kjell Magnar Berli på 5.09.16

 

Det fortel det meste. Vi veit ikkje om løypene var 100 prosent identiske, men Kjell Magnar vann altså i dag nær 55 minutt raskare enn Karl Idar Vik si vinnartid frå 2023.

 

Her er dei 10 beste uansett kjønn og klasse:

Fyr til fyr 2024, resultat:

  1. Kjell Magnar Berli, Velledalen IL/Dynafit, 5.09.16
  2. Henrik Hareide Holstad, NTNUI, 5.16.10
  3. Eirik Sverdrup Augdal, Noteam, 5.22.56
  4. Marte Kristoffersen, Noteam, 5.25.59 – beste kvinne
  5. Ole André Lukkedal, Ørskog IL, 5.32.21
  6. Helene Birkeli, Fana IL, 5.55.46
  7. Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 6.06.39
  8. Steffen Moltu, Gurskøy IL, 6.07.33
  9. Peter Nygjerde, Hareidlandet Triatlon, 6.07.49
  10. Therese Sjursen, BFG Bergen Løpeklubb, 6.10.04

 

Stor honnør til kvinnene – svært sjeldan med tre kvinner topp-10 i eit slikt løp

 

Hilmar Kråkenes gjennomførte til 29.plass i eit godt parløp med kameraten Steinar Thorsen frå Måløy IL. Begge kom inn på 6.53.25. Som vi hugsar er det berre 14 dagar sidan Hilmar sitt kanonløp på heilmaraton i Ålesund. Difor tok Hilmar årets Fyr til fyr som ein skikkeleg trenings-langtur. Men satsar han, vert han ein farleg feiar i Herøy i 2025.

       Og glimrande av Ole Martin Korsnes. 7.plass totalt etter eit utruleg godt disponert løp, der han heile tida sprang seg oppover resultatlista. Og ei fjør i hatten til den tidlegare fotballspelaren frå lågare divisjonar at han i dag slo den tidlegare Hødd-kapteinen, Steffen Moltu.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.