Strava-kommentarar frå idrettshelga
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Jun 2024
Her kjem nokre Strava-kommentarar frå idrettshelga som ikkje tidlegare har vore på trykk
FYR TIL FYR, HERØY
Kjell Magnar Berli:
- 1.plass
Ole Martin Korsnes:
- Fyr til fyr i Fosnavågen. Tid: 6.06.39. Femte beste herre må ein seie seg nøgd med. Ganske så brutalt. Opp og ned, asfalt og sol.
Hilmar Kråkenes:
- Fyr til fyr. 25.plass, planen var 50.plass. Takk for løpet, Steinar Thorsen! Trur eg vågar seie at dette var eit av dei beste arrangementa eg har vore med på, om ikkje det beste.
BOOTCAMP HØNEFOSS:
Anette Heimli Jokstad:
- Seier. Tid 1.09.33. Funket tydeligvis med mye hvile etter EM
NORDMARKA SKOGSMARATON, HALV:
Njål Torillson Tyssing:
- 1.17.36. Artig å springe litt kupert. Men bakkane ned til Sognsvann knekte meg fullstendig. Litt sur fjerdeplass, men sjanselaus på pallplass (NB! 4.plass var av samtlege deltakarar- nesten 1000 stk på halv, han vart klassevinnar i M 40-44)
Anders Wigdahl:
- 1.30.00. Ny pers i dette løpet, men en elendig følelse og dag. Tømmerstokker i sirup for det meste, men fikk tatt meg litt sammen og fikk ut det jeg hadde inne i dag (NB! Nr.7 av 103 påmelde i M 35-39).
Strava-kommentarar av Sverre Gunnar Brunstad, Frank Andersen, Espen Utgård Sæther og Øystein Drabløs Langlo er tidlegare fletta inn i ulike reportasjar på nettsida
Til slutt tek vi med ein kommentar som kom på telefon frå friidrettsleiar, Alf Petter Bøe:
- Dette må vere ei av storhelgene for Velledalen IL. Blir prestert på alle plassar og distansar.
Nokon vil kanskje sakne stoff frå Kaptein Dreyers Minneløp, der Ole-Peder var påmeld. Men togføraren fekk DNS (starta ikkje) bak namnet sitt i resultatlista frå Sunndalsøra.
Men ei ny stor idrettshelg, heilt klart!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.