Njål sette klubbrekord på 3000 meter – 9.08 på Bislett

Postet av Atle Jomar Hole den 29. Jun 2024

Njål Torillson Tyssing pressa sin eigen klubbrekord på 3000 meter bane ned frå 9,10 til 9.08 på Bislett i dag.

 

Dette gjorde han under ”Moseby Invitational”, eit arrangement i regi av Erling og Håvard Moseby. Vi kjem tilbake med fleire resultat, men nemner at Njål sprang 28 sekund raskare enn Petter Northug jr. gjorde under same stemne i 2023.

 

Njål skriv fylgjande på Strava:

  • Lite positivt å ta med seg utover pers med to sekund. Katastrofal start, låg som nr.30 i heatet etter 200 meter og 14 etter 600 meter. Taktiske eigenskapar som ein kar frå Jæren……Burde seeda meg sjølv litt betre, men ikkje noko å gjere med det. Nokså like splittar på 72-73, men fyrste 200 meter på 41 sekund blei vanskeleg å hente inn når målet var sub 9. Mykje spreke folk med tunge steg. Men veldig bra arrangement.

 

Velledalen IL gratulerer Njål med ny klubbrekord på 3000 meter bane!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.