Mange skal i aksjon denne helga – frå fjell-løp til 5 km

Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jul 2024

Rikhaldig meny på løpsfronten her lokalt komande helg. VIL-Nett har sjekka påmeldingane.

 

Her er noko av det som skjer:

Hornindal Rundt, laurdag 6.juli. 75 km langt ultraløp og 38 km langt fjell-løp. Påmelde klokka 07.45 fredag 5.juli: 214 utøvarar

Desse stiller i fjell-løpet for Velledalen IL: Margrethe Fjetland (K 35-39). Mathilde Sofie K. Hole (K 23-34) og Øystein Drabløs Langlo (M 40-44).

To andre sykkylvsnamn på 38 km: Thomas Melchiorsen (M 23-34) og Olliver Valderhaug Jarnes (M 40-44)

 

Kristiansund Havmaraton, laurdag 6.juli – ulike distansar. Påmelde klokka 07.45 fredag 5.juli: 148

Desse stiller for Velledalen IL: Espen Utgård Sæther på halvmaraton, der han er mellom favorittane

 

Jølster Maraton, Vassenden Jølster, laurdag 6.juli. Distansar: 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Påmelde klokka 07.45 fredag 5.juli: Fantastiske 823 deltakarar

Frå Velledalen IL stiller: Nils Terje Skylstad (5 km M 60-69), Frode Mauren (10 km, M 50-59), Anders Westrheim (10 km M 30-39).

Fredag morgon 173 påmelde i 5 km løpet og 192 over 10 km.

 

Hellesyltløpet, laurdag 6.juli. Distanse 1600 meter under 16 år, med klasseinndeling gutar – jenter. 6,6 km for alle over 16 år, med klasseinndeling menn – kvinner. Påmelding på Hellesylt stadion løpsdagen i tidsrommet 13.00 – 14.00. Start klokka 15.00.

Her veit vi ikkje kven som stiller for Velledalen IL, sidan påmeldinga ikkje har starta. Men rykta seier at Robin Jørgensen og Anders Wigdahl i alle fall stiller. Per Inge Bjørnestad plar vere fast gjest, og det kan bli ganske mange fleire. Fint løp, på vekslande underlag (grus, gras og asfalt) som har start og mål på Hellesylt stadion.

 

Ei rekkje resultat vil kome i løpet av helga


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.