Kraftprøva i Hornindal: Knallsterk 4.plass til Margrethe
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Jul 2024
Det var blytungt i Hornindal laurdag. Store mengder regn siste døgnet før løpet sytte for det. Men ei som ikkje let seg merke av tunge forhold var Margrethe Fjetland, som leverte særs bra. Ho vart 4.beste kvinne uansett klasse under Fjell-løpet, og nummer tre i klasse K 35-39. Avstandane framover til dei beste var heller ikkje store.
Resultat 38 km Fjell-løp kvinner, Hornindal Rundt laurdag 6.juli 2024:
- Iselin Malene Olsen, Hornindal, 5.48.01
- Andrea Fjellseth, Oslo, 6.07.42
- Malin Fransberg, Finland, 6.08.31
- Margrethe Fjetland, Velledalen IL/Salomon Norge, 6.15.17
- Sylwia Kaczmarek, Polen, 6.16.44
- Ingeborg Førdestrøm, Tennfjord, 6.47.20
- Line Marie Drøpping, Ålvundfjord, 6.48.19
- Erika Tomkova, Slovakia, 6.49.36
- Elena Hermundstad, Ålesund, 7.09.38
- Anne-Marthe Skåre, Ålesund, 7.29.45
- Krisztina Eszter Balazs, Australia, 7.33.20
- Lene Alice Rudningen Wølneberg, Oslo, 7.37.04
Margrethe vart nummer 18 av alle kvinner/menn som fullførte Fjell-løpet på 38 km
Øystein Drabløs Langlo, Velledalen IL vart nummer 80 i same rangering på tida 9.28.06. Det heldt til fin 4.plass i klasse M 40-44.
Mathilde Sofie Hole, Velledalen IL, (med oldemor på farssida frå Honndalen) kom inn til 94.plass totalt med tida 10.55.44. Ho vart nummer 14 i klasse K 23-34.
Strava-kommentarar frå Honndalen:
Margrethe Fjetland:
- Spontan-påmelding på lite treningsgrunnlag og lite langturar. Derfor ganske fornøgd med 4.plass i et sterkt felt hvor topp seks knivet hele dagen. Ble en mental tøff kamp de siste km på asfalten (som ikke er min styrke) for å holde 5.plassen bak meg.
- Et «godt» kakk i kneet tidlig la en demper på all nedoverløping. Stiv stokk nå, men håper på fort bedring.
- Takk til verdens beste (matchende) crew, Liv Hilde Vågsæter og Andrea Aaland!
Mathilde Sofie Hole:
- Norges tøffeste fjell-løp. Brukte totalt: 10 timer, 52 min og 35 sekund. Lang og altfor tung tur, men 3000 høydemeter og 38 km krever sitt. Snakkes aldri Hornindal
Øystein Drabløs Langlo:
- Kanskje Norges tøffaste fjelløp. I alle fall det tøffaste fjelløpet eg nokon gong har sprunge! Det var ekstremt teknisk, det var sleipt og gjørmete, og det vart mange høgdemeter. Ikkje eit spesielt bra løp for min del. Følte meg svimmel og energilaus så her må det sjølvransaking til! Ein ting som eg stussa litt på var kvifor det ikkje var sett opp mat- og drikkestasjonar for eit så langt løp. Det er fyrste gong eg har opplevd det på eit langløp!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.