Midtveke-løp i Molde og Ålesund
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Jul 2024
Velledalen IL vert representert begge stadar.
Tysdag 16.juli vert det arrangert ein 3000 meter ved Molde Idrettspark (gamle Molde stadion) med start klokka 18.00. Eit arrangement i regi av Eskil Engdahl og Bjørn Erik Langstein. Dei skriv på Facebook:
- Velkomen til 3000 meter i jazzen. Vi gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer eit uhøgtidleg løp. Inviterer vener og kjende, slik at flest mogleg persar.
Vi veit ikkje kor mange frå Velledalen IL som stiller der, men Robert Vasset blir der, og har som mål å kome godt ned på 9-talet.
Onsdag 17.juli går Vasstrandmila i Ålesund. Også her er det start klokka 18.00, med distansane 3 km, 5 km og 10 km. Måndag kveld var Robin Jørgensen (5 km) og May Evy Nesheim (3 km) påmelde frå Velledalen IL. Men det vert fleire. Rykta seier at Vegard Tandstad har planar om å sjå 17-talet på 5 km denne kvelden.
Resultat frå løpa vil kome på nettsida!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.