Friidrettsleiaren med godt løp i sterk varme
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Jul 2024
Sprang «Norges vakraste» på Smøla på 1.36.30
Løpet på Smøla hadde heile 91 fullførande utøvarar på distansen halvmaraton. Frå Velledalen IL hadde Alf Petter Bøe teke turen frå feriebasen i Bøfjorden. Morten Eilifsen, Averøy Løpeklubb, vart beste herre med tida 1.19.05. Beste kvinne Amalie Reitan, Steinkjer, med 1,29.29. Alf Petter vart totalt nummer 27, av heile hurven, med tida 1.36.30.
Løpet var prega av sterk varme, slik at tidene ikkje vart spesielt gode. Eksempelvis brukte vinnaren kring seks minutt lenger tid på Smøla enn i Ålesund. Ein sterk løpar som Per Myren kom inn på 1.27.11.
Maratonløpet på Smøla er mellom løpa som vil vekse og har gjort nettopp det siste åra. Vil ein bli store må ein også henge med i utviklinga på arrangementsida. Det høyrer ingen stad heime at ein samlar 91 løparar på halvmaraton og køyrer alle inn i ei herreklasse og ei dameklasse. Ein 70-åring og ein 30-åring i same klasse over distansen halvmaraton, ja, det vert for dumt.
Berre for å ha nemnt det; Alf Petter Bøe var best av løparane som sorterer under klasse M 55-59 år på Smøla. Og etter løpet smaka det framifrå godt med fiskesuppe av god kvalitet, melder ein ferierande Alf Petter Bøe til VIL-Nett.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.