Strava-kommentarar frå VIL-utøvarar
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Jul 2024
Her kjem eit knippe Strava-kommentarar frå VIL-utøvarar laurdag 27.juli
Vi startar med Hilmar Kråkenes:
Hornindal Maraton – 1.plass. Tid: 2.53.56. Negativ splitt (som betyr at Hilmar sprang raskare andre halvdel av løpet enn den fyrste)
Robin Jørgensen:
Hornindalsvatnet Maraton. 21 km – tid 1.26. 44
Frank Andersen:
10 km i Hønndalen i dag. Sånn passe nøgd. Kunne vore både betre og verre. 3.plass i M 35-39.
Frode Mauren:
Valgte Jordbærdilten og droppa Hønndalen fordi jeg har vært syk med lite energi siste tiden. Tid 12.00, som er 11 sekund bedre enn i fjor – ny pers i løpet. Godt fornøyd!
Vegard Riksheim Tandstad:
For hard opning! Fekk det midtvegs og orka ikkje presse meg nok på andrerunden
Per Inge Bjørnestad:
Hornindal 10 km. Tid 37.59. Justerte meg ned frå i utgangspunktet 21 km til 10 km.
Anders Wigdahl:
Horningdalsvatnet 10k – tid 37.20. Føles lettere og lettere å løpe 10 k, men går ikke noe fortere. To runder med en saftig bakke underveis. Litt varmt, men ellers gode forhold – 18.21/18.59. Fin jobb med Vegard Tandstad!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.