OCR-NM 17. august
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Aug 2024
NM er lagt inn under «Romerikes Råeste». Staden er Nannestad.
Vil du oppleve noko spesielt så ta turen til Nannestad 17. august. Der er altså NM i OCR-hinderløp lagt inn under «Romerikes Råeste». Med fleire tusen deltakarar totalt.
Her kan ein oppleve ei barne-familieløype, med namnet «Råtassen», på 2 km og kring 30 hinder, spesielt for born i alderen 3-10 år.
Der vil bli ei løype på ca 5 km med kring 40 hinder, mest eigna frå 10 års alder
Og dei over 13 år kan prøve seg på ei 8 km lang løype med om lag 70 hinder.
Mellom dei påmelde finn vi VIL-utøvarane Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, Anette er tittelforsvarar i klasse kvinne elite. Nikolai kjem stadig nærare dei beste, og kan på ein god dag snuse på medalje i menn elite. Medan essa våre har drygt to veker att til finpussing av form, har andre som vil prøve like lang tid til førebuing. Garantert ei oppleving som vil bli hugsa!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

O-samlinga: Lag-konkurranse for dei yngste
07.09.2025

AL-open: Matias debuterte med 3.plass
07.09.2025

Sterke løp av Mikkel og Ola i AK-open
07.09.2025

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025