Strava-kommentarar frå Hareid

    Postet av Atle Jomar Hole den 24. Aug 2024

    Les kva utøvarane sjølve meiner om det dei leverte på Hareid 24.august

     

    HALVMARATON:

    Per Inge Bjørnestad:

    • Ikkje optimal førebuing før løpet med ein kropp som ikkje er heilt god for tida. Tok sjansen på å delta, og kom inn til 1.26.56. Fornøgd trass alt. 1.plass i klasse 50-54

     

    Andreas Nakken:

    • Gjekk over all forventning (best under 30 år i løpet, og beste VIL-løpar med 1.26.06).

     

    Frode Mauren:

    • Nordvest halvmaraton med planlagt 4.20-fart og hare for AP (Alf Petter Bøe). AP la inn årane etter 1 km så då blei det solo med planlagt tid. God løpsfølelse og meir å gå på. Veldig fornøgd med å kunne auke tempoet siste to km. Nummer to i M 50-54 og pokal.

     

    Bjørn Arve Brune:

    • Nordvest maraton 21,1 km. Kontrollert og bra disponert i løype utanfor mi komfortsone. I dag skulle eg i mål løpande (noko som ikkje var tilfelle på Vartdal, men til mål kom han der og). Godt samarbeid med Fridtjof fyrste 15 km (Bjørn Arve vart vinnar i klasse M 60-64).

     

    Friidrettleiar Alf Petter Bøe:

    Ingen kommentar har tikka inn, men som Frode skriv måtte han bryte med hamstring-skade etter 1 km. Neppe det han hadde tenkt ut på førehand.

     

    Fridtjof Fredriksen:

    Heller ingen Strava-kommentar frå han, men Fridtjof leverte fleire minutt betre enn sist han sprang halvmaraton på Hareid, og tok ein flott 2.plass i klasse M 55-59.

     

    Jørn Strømmegjerde:

    • Nordvest Maraton (halvmaraton). Strålande fornøgd på Hareid i dag. Ny personleg rekord på halvmaraton, på trass av påmelding i siste liten og trudde ej ikkje va forberedt. Takk til André Almestad for oppmuntring til å melde meg på, og peptalk før løpet.

     

    HEILMARATON:

    Hilmar Kråkenes:

    • Nordvest Maraton 1.plass (Som ein ser særs kortfatta frå Hilmar denne gongen. I dag tala han med beina og kroppen så godt at skriving er heilt overflødig. Fortent KM-tittel!)

    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.