Sjå her: Meld deg på - gi forma eit løft!
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Aug 2024
No er det kort tid til samarbeids-prosjektet mellom Velledalen IL og FunkFit Sykkylven startar.
Samarbeidet er både med FunkFit Fysio og FunkFit Sykkylven. Det er i hovudsak retta mot løparar – på alle nivå. Her er litt meir informasjon om tilbodet som startar i september månad.
Alle som er – eller som vil bli – medlem i Velledalen IL kan melde seg på:
- Ei fellestrening per veke.
- Før treninga startar får alle samtale med trenar/rådgjevar for å kartlegge mål og motivasjon.
- Alle får ein sjekk vedkomande: Kva består kroppen din av, med omsyn til muskelmasse og feitt.
- Oppstart-gruppa har plass til kring 15 personar.
- I tillegg til fellestreninga kvar veke har ein tilgang på eigentrening, mellom anna på heilt nye møller.
- Skadar kan råke. Då er det verdt å merke seg at medlemar av gruppa (og Velledalen IL) får rabatt på FunkFit sin fysiodel.
PÅMELDING – innan utgangen av august – til:
Alf Petter Bøe (friidrettsleiar) tlf 901 62 279
Henning Tandstad (medlem friidrettsgruppa) tlf 415 11 242
Vegard Tandstad (medlem friidrettsgruppa) tlf 416 01 162
Ikkje vent med påmeldinga – kring fem ledige plassar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.