Kanontid (1.12.33) og 5.plass i M 40-44 på Njål
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Sep 2024
Arkivfoto
Vurdert etter alder, gjorde Njål etter alle solemerke sitt nest beste halvmaraton nokon sinne i Drammen.
Rutinerte Njål Torillson Tyssing opna forsiktig. Ved passering 5 km var han nummer 89 av heile hurven, passeringstid 17.18. Vidare utøver i løpet gjekk det slik:
10 km vart passert på 34.10 – plassering 55 av heile hurven
15 km passerte han på 51.23 – no på 53.plass
20 km passerte han på 1.08.41 – som nummer 54
Mål vart passert på 1.12.33 – som nummer 54 av alle deltakarar
Her er resultata (topp-10) i klasse M 40-44:
- Rolf Steier, SK Vidar, 1.07.34
- Jarle Wermskog, Royal Sport, 1.09.52
- Eirik M Hagen, Askim IF, 1.12.00
- Michal Brandebura, Polen, 1.12.12
- Njål T. Tyssing, Velledalen IL, 1.12.33
- Øyvind Bucher Sandbakk, NTG, 1.13.44 – opphav Ørsta
- Håkon Urdal, Rygge IL, 1.13.56
- Lars Petter Stormo, Team Dæhlie, 1.14.13
- Ketil Monssen, BFG Bergen Løpeklubb, 1.14.22
- Håkon Djupedal, Noteam, 1.14.33
Njål skriv fylgjande på Strava:
- Drammen Halv: 1.12.33. 54 plass. Betre enn frykta, men hadde lite håp om sub 72 etter ca 15 km. Men ikkje so mykje bensin igjen på tanken. Perfekte løpsforhald i Drammen, og Norges desidert beste halvmaraton. Takk til Dag Ådne Hatlevoll for hjelp første 6 km. Og stor kudos til Espen Sæther for eit solid løp!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.