Mindre enn tre veker att av trimpost-sesongen

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Sep 2024

 

Det er innspurt på trimpostane. Ca 1.oktober markerer bokbyte på postane at ny sesong er i gang.

 

På fleire av postane er det avgjort kven som stikk av med premien, på andre er alt ope.

Som tidlegare år er det bokbytet på postane som markerer starten på ny sesong. Personar som kan tenkje seg hjelpe til med bokbytet varslar Nils Terje Skylstad om dette. Etter at statistikkføraren vår, Nils, har sett på noteringane frå dei 15 ulike postane, vil det kome ei topp-5 rangering frå kvar post, ei oversikt over kor mange besøkande dei ulike postane hadde og ei oversikt over dei ti personane som samla mest poeng i løpet av sesongen.

Velledalen IL ynskjer lukke til med innspurten av trimpost-sesongen!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.