4.plassar til Jone og Alastair i Saksaløpet

Postet av Atle Jomar Hole den 15. Sep 2024

 

Kring 40 løparar deltok i konkurranse-klassa under Saksaløpet i dag, mellom dei to flotte VIL-utøvarar.

 

Begge våre fekk 4.plassar i sine respektive klassar. Jone Schimdt Breivik vart nummer fire i klasse M 15-17, på tida 57.52. Same plassering gjekk til Alastair Brunton i klasse M 35-39. Også han smaug seg under timen med 59.53

 

Her er nokre viktige tider frå Saksaløpet:

1. Halvard Seim Grøvlen, OL Trollelg, 44.41

2. Andreas Skylstad, Norangdal IL, 45.03

3. Bjørnar Skjeflo Unhjem, Isfjorden IL, 45.46

10. Johanne Wessel, Volda, 57,00 (beste kvinne i løpet)

13. Jone Schmidt Breivik, Velledalen IL/Jaktevika Tinderangling, 57.52

16. Alastair Brunton, Velledalen IL/Skotland, 59.53

17. Ændo Zumbrunnen, Sykkylven/Sveits, 1.01.16

24. Michal Sermet, Ikornnes/Polen, 1.06.40

31. Lisa Schmidt, Jaktevika Tinderangling, 1.11.55

33. Rune Breivik, Jaktevika Tinderangling, 1.14.58

39. Richard Storhaugen, Stranda, 1.32.38

 

Vi gjer merksam på at Jone er yngst i klasse M 15-17. To i denne alder utgjer vanlegvis mange minutt.

Som vanleg sterk innsats av Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven IL. Beste kvinne i klasse 55-59 år på litt i overkant av 1.02.

 

Diverre har vi ikkje namna på lokale løparar i trimklassa


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.