BLI MED PÅ OKTOBERLØPET TIL INNTEKT FOR ROSA SLØYFE!

Postet av Atle Jomar Hole den 16. Sep 2024

Laurdag den 12. oktober skjer det! Start og mål utanfor Intersport i Sykkylven sentrum.

Løp for alle born opp til 10 år startar kl. 13.30. Lengde ca 500 m. Medalje, saft og gåve frå Gjensidige

ved målkomst.

Alle born som er eldre enn 10 år oppmodast om å stille i ei av dei lengre løypene.

Før start for mosjonsklassa og trimklassa, møter vi til fengande oppvarming!

3 km mosjon utan tid, eller 4,8 km trim med tidtaking startar kl. 14.00.

(nb! Det blir ikkje oppgitt tid på deltakarar under 12 år)


I mål ventar uttrekkspremiar frå Sykkylven

Handelsforening, samt gode tilbod i

butikkane. Brystkreftforeninga for Ålesund og

omegn stiller med stand og vil selje flotte

Rosa Sløyfe produkter. Raus gir rabatt på mat

ved framvising av startnummer.

Det vil bli mogleg å hente ut startnummer

dagen før løpet. Vi håpar at så mange som

mogleg meldar seg på i god tid før start, sånn

at vi unngår lang ventetid og kø like før

startskotet går.


Årets prisar:

Born: kr. 75,-

Vaksen (frå det året ein fyller 18 år): kr 250,-


Alt av inntekter går direkte og uavkorta til Rosa Sløyfe/Kreftforeningen! Jo fleire som blir med, jo

meir pengar kan vi støtte aksjonen med. Om ein ikkje kan delta på sjølve dagen, set vi pris på om du

melder deg på for å vise di støtte.

Bli med å skape stemning i sentrum, hjelp oss å farge bygda rosa! Kreative innslag i og langs løypa er

absolutt lov. Ein dag for å ha det kjekt i lag, skape liv og røre, gjere ein innsats som kan bety mykje for

mange! Vi kjenner alle nokon, både nære og fjerne. Vis at vi bryr oss!

Link for påmelding:

https://rosa.satli.net/reg24.html


For barneløp:


https://rosa.satli.net/reg24_barn.html

Har du spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med

Alf Petter Bøe, telefon 901 62 279

Anita Mosby Nakken, telefon 988 23 498


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.