May Evy sju sekund frå pall-plass

    Postet av Atle Jomar Hole den 23. Sep 2024

     

    Nærast pallen av Velledalen IL sine løparar i Oslo

     

    May Evy Nesheim var truleg nøgd med det meste i Oslo. 5.plass i klasse M 45-49, og ny personleg rekord er sjølvsagt framifrå godt levert. Men vi trur likevel det ergrar henne bitte-lite, at avstanden fram til pallen var så liten som sju sekund. Som betyr at May Evy var nærast pallen av Velledalen IL sine 18 utøvarar. Og ho var heller ikkje langt bak dei to beste på resultatlista.

          I 2025-sesongen rykkjer May Evy opp i klasse K50-54. Held ho seg skadefri, og får trena godt, ja då vert ikkje May Evy god å handtere for konkurrentane.


    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.