Sterk 3.plass til Njål i Kvalheimmila sin 5 km
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Sep 2024
Fattige sju dagar etter eit blytungt maraton i Oslo var Njål i dag på plass under Kvalheimmila
Dei fleste som er litt opp i åra hugsar Arne og Knut Kvalheim. To seige, dyktige norske langdistanse-løparar. Dei har fått sitt eige løp i Oslo kalla Kvalheimmila. Eit baneløp på Bislett med distansane 5 km og 10 km, eller eit mosjonsløp på bane om ein heller vil kalle det det. Lysharen «Wavelight Pacer» hjelper deltakarane i jakta på nye personlege rekordar. Løpet startar midt på dag for dei som brukar lengst tid, og puljene vert gradvis kjappare utover ettermiddagen og kvelden
Njål sprang denne gongen løpet på 5 km. Det gjorde han svært så bra til 3.plass på den sterke tida 15.49. Her er resultat til dei 12 beste på 5 km:
- Simen Ellingsdalen 14.57
- Oskar Hjorth 15.44
- Njål T. Tyssing 15.49
- Bendik Håland Pedersen, 15.54
- Magnus Perger 15.57
- Marius Strandhaug 16.06
- Jon Fiva 16.40
- Stian Karsrud 16.43
- Pål Konradsen, 16.44
- Daniel Jenssen, 16.44
- Sebastian Aasgaard, 16,45
- Erlend Lund, 16.55
Njål skriv fylgjande om løpet på Strava:
- Kvalheim-mila: 5000 meter, tid: 15.49. Fornøgd. Sprakk ikkje for ein gong skuld! Veldig bra opplegg i deilig vêr.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.