Du Espen, du Espen – 2.27.03 i Berlin

Postet av Atle Jomar Hole den 29. Sep 2024

 

Flytta sin eigen klubbrekord på heilmaraton frå 2.30.33 (København) til 2.27.03 (Berlin)

 

Det er sekundtalet 03 som tydelegvis gjeld for Espen Utgård Sæther denne sesongen. Fyrst leverte han 1.10.03 på halvmaraton i Drammen, før det i dag vart 2.27.03 på heilmaraton i Berlin. Begge løpa markerer personlege rekordar for Espen, og klubbrekordar vi er stolte av for Velledalen IL.

 

I skrivande stund veit vi ikkje kor mange tusen som sprang i 50.utgåva av BMW Berlin Marathon. Men sikkert er det at Espen vart nummer 158 av heile hurven. Svært mange nordmenn sprang i Berlin. Vi har laga ei liste over dei 15 som kom under Espen sitt hovudmål for løpet, tida 2.30.00:

 

  1. Sjur Evebø Haug, Noteam, 2.23.34
  2. Markus L. Granaas, Nordkapp Løpeklubb, 2.23.45
  3. Magnus Warvik, SK Vidar, 2.24.19
  4. Øyvind Moen Fjeld, Kjelsaas IL, 2.25.44
  5. Martin Brekke, Maratonkameratene, 2.26.20
  6. Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 2.27.03
  7. Jarle Wermskog, Royal Sport, 2.27.29
  8. Gaute Byberg, Spirit Friidrettsklubb, 2.27.46
  9. Bjørn André Aasland, Industrifinans, 2.28.41
  10. Axel Mender, Re Road Runners, 2.28.44
  11. Andreas Fossan, SK Vidar, 2.28.50
  12. Mats Hellerud, Moss IL, 2.28.51
  13. Sjur Molstad, Noteam, 2.29.17
  14. Nikolai Harris, Kamp Vestheim, 2.29.30
  15. Lars Petter Stormo, Royal Sport, 2.29.39

 

Frode Fuglehaug frå Ørsta sprang på gode 2.47.30. Og det er verdt å merke seg at beste nordmann, Sjur Haug, periodevis opererer som ørsting, men i Berlin sprang han utan klubbnamn bak namnet sitt.

 

Det vil kome meir stoff frå Berlin.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.