Velledalen IL sitt Rosa Sløyfe-løp samla kring 200

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Okt 2024

 

Det stoppa på 204 påmelde i år, eit tal arrangøren er middels nøgde med.

 

Velledalen IL sitt tredje Rosa Sløyfe-arrangement vart avvikla laurdag 12. oktober. Vergudane serverte 4-5 plussgrader og lett duskregn.

Her er nokre fakta frå løpet:

Påmelde barneløpet: 35

Påmelde hovudløpa: 169

Påmelde totalt 204

Raskaste herreløpar lang løype: Sivert Nakken 17.56

Raskaste kvinneløpar lang løype: Erika Oginte: 20.02

Løypelengda lang løype var 4,8 km

 

Primus motor for arrangementet var Anita Mosby Nakken. Ho melde fylgjande til VIL-Nett etter løpet:

  • Tror at noe av grunnen til lavere barnetall finnes i at mange deltok i ei av dei to lengste løypene og var påmeldt der. God stemning og mange fine tilbakemeldingar. Fint område å arrangere på. Ålesund og omegn Brystkreftforening var veldig fornøyde og vil komme tilbake neste år. Positiv Handelsforeneing!

 

I skrivande stund veit vi ikkje summen løpet genererer til brystkreftsaka. Det vil vi kome tilbake til, men truleg ein stad mellom 40 000 – 50 000 kroner. Det viktigaste faktumet frå eit slikt løp, må vere at dei som sprang/gjekk seinast, bidrog nøyaktig like mykje, som dei som sprang « det remmar og tøy kunne halde». Og ikkje minst; kjekt å sjå 81-åringen Olaf Einar Øien tilbake i løypa – i full VIL-mundur!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.