Constantin och grabbarna
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Okt 2024
Desse tre karane trefte vi på like etter løpet
Dei fleste kjenner mannen i midten, Constantin Rust, Velledalen IL sin bestemann under Hytteplanmila med tida 31.57. Dei to andre er kameratar av Constantin, som vi diverre gløymde å få namna på. Grunna akilles-trøbbel var det lenge usikkert om mannen som sprang på 31.36 under «10 for Grete» i Oslo, ville stille. Men Constantin kom, gjorde unna opnings-kilometeren på 2.59, før han roa ned ein smule.. Med tanke på at han ikkje har fått førebudd seg optimalt, skal han vere nøgd med 62.plass i NM uansett klasse. I eiga klasse, M 23-34, vart Contantin nummer 47 i NM. Dessutan var han raskast av VIL-løparane opp siste bakken på 200 meter med tida 36 sekund.
Ein gjennomført god sesong er unnagjort – og mannen som lever meir hektisk enn dei fleste, har faktisk meir å gå på….. om han held seg skadefri og gjer dei rette prioriteringane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025