Vegard: -Dette kan eg leve lenge på!
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Nov 2024
Særdeles vellukka sesong, med ny personleg rekord på seks distansar for Vegard Riksheim Tandstad i 2024.
Etter ein «berg-og dalbane-sesong» i 2023, fekk Vegard Riksheim Tandstad full klaff i 2024. Med ikkje mindre enn seks nye personlege rekordar. Frå 3000 meter som kortaste distanse til heilmaraton.
Her er lista:
Konradløpet 15.26 (før 15.39)
3000 meter bane: 10.01 (før 10.36)
5 km landeveg: 17.35 (før 18.07)
10 km landeveg: 36.25 (før 37.19)
Halvmaraton: 1.20.00 (før 1.22.03)
Heilmaraton: 2.57.20 (før 3.01.27)
Vegard har lagt ut fylgjande Strava-kommentar:
- Dagens andre oppsummering av 2024; løpssesongen med uttalt jakt på alt av pers! Med to maraton i 2023, pluss bivirkningar, var det i praksis «game over» for å nå nye høgder på kortare distansar alt frå juni. Maraton er langt, og i vekene etterpå er i alle fall eg langt unna tidlegare form. Klok av ymse skadar beit eg over stadig større måltid i år, etter først å ha gjort noko med evna til å få opp farta. Med ca 700 km langrenn i vinter var utfordringa tempo, deretter å tole fleire kilometer i høgt løpstempo, ikkje grunnkondisjonen. Det å avslutte treningsøktene før dei vart for harde, har nok også vore viktig med tanke på å kunne orke å halde ut eit raskare tempo i konkurransar! Det blir ikkje meir maraton-trening åleine med det første, men dagen i Amsterdam med 800 framfor meg og 16 000 bak, og full kontroll på siste pers, kan eg leve lenge på. Løpetreninga i 2025 får bli meir sosial og med mindre fokus på rekordar, difor greitt å gjere opp status no!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.