Kva med kvit jul – får vi det i 2024…?

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Des 2024

 

Fleirtalet av «ekspertane» Velledalen IL har snakka med hallar til eit JA.

 

Ser ein på Yr er det lite snø i vente i deira langtidsvarsel fram til 15.desember. Varmegrader heile tida, men enkelte dagar er temperaturen så vidt låg at det fort gjort kan bli i grenseland mellom regn og snø.

 

Ivar Hol varslar kvit jul.

Romsdalingen, Ivar Hol, seier fylgjande om vêret framover:

  • Det ser ut til at dei som vil ha kvit jul skal få ynskjet sitt oppfylt, seier vêrspåmannen etter å ha studert dei komande måne-
  • tenningane.
  • Det blir om lag som no fram til 15.desember. Då tenner fullmånen i nord, og litt i vest. Det betyr at vi får nedbør, samstundes som det blir vesentleg kaldare. Og då kan det bli litt snø
  • 30.desember er det nymåne. Denne tenner rett i nord. Det tyder på ein kald periode. Men dette ser ut til å snu i januar. Då får vi eit skifte, fortel Hol, som meiner det vert mildvêr frå midten av januar.

 

I grenseland, seier Kjetil Pål

Kjetil Pål Brunstad er lokal vêrspåmann frå Brunstad i Velledalen. Han er ikkje like sikker som Hol på at det vert kvit jul

  • Eg nyttar mykje av same læra som Hol, men trur personleg det vert i grenseland om nedbøren etter 15.desember kjem som regn eller snø. I låglandet meiner eg det er 50/50, på fjellet vert nok nedbøren som snø. Seier Brunstad til VIL-Nett.

 

Gartnaren støttar Hol sitt syn

Tidlegare klubbmeteorolog i Velledalen IL, Per-Gunnar Holmberg, kjem med fylgjande uttale vedkomande kvit jul.

  • Etter at det har kome fram ulike synspunkt på korvidt det vert kvit jul i år, har eg vorte beden om å gje tilkjenne synspunkt på dette. Eg har avskilta med sjølv som klubbmeteorolog etter at både nymåne og fullmåne svikta meg gong på gong, med den fylgje at vêret ikkje vart slik det burde vere.
  • Fullmånen som kjem midt i desember i år kan vere vanskeleg å forstå seg på. Ifylgje det eg har høyrt, meinte Kalla på Brunstad at fullmånen skuvar vêret frå seg. Det vil seie at når fullmånen no snur i nordvest, skal vêret kome frå søraust, noko som til vanleg varslar opphaldsvêr. Etter det eg har røynt, stemmer dette, men stort sett berre dersom fullmånen snur om lag i same himmelretninga som den føregåande nymånen tende.
  • Sidan nymånen 1.desember tende i aust/søraust, og fullmånen den 15.desember snur i nordvest, vil det slik eg ser det bety at det vert ein god del snø frå den 15.desember, og at den vert liggande i alle fall til jul, og mest truleg til langt over nyår.

 

Vyrdsamt

 

Per-Gunnar Holmberg

Tidlegare klubb-meteorolog 2

Velledalen IL

 

PS.

Velledalen IL opnar for å tippe snødjupa i midtsirkelen på Dalemyra stadion 23. desember klokka 12.00. Gi opp tipset ditt i centimeter. Beste tipset vert premiert

Tips til: atlehole@online.no – eller melding til 917 43 761 – eller på Velledalen IL facebook om saka vert lagt ut der


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.