Sterk Kvalø-runde av Espen
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Des 2024
Arkivfoto
Ingen kunne stoppe Espen Utgård Sæther i den knapt 10 km lange Kvalø-runden i dag.
Espen vann løpet på 33.43, som var 21 raskare enn nummer to, Per Christian Eggen Mjøs. Beste kvinne vart Adele Norheim Henriksen på tida 36.44
Her kjem dei ti raskaste i løpet - uansett alder og kjønn – slik Racetracker har offentleggjort dei:
- Espen Utgård Sæther,33.43
- Per Christian Eggen Mjøs, 34.04
- Abel Deresu Dufera, 34.16
- Markus Andersson, 34.18
- Øyvind Macody, 34.39
- Lars-Erik Sandersen, 34.45
- Sigmund Aasen Kvalheim, 35.35
- Christoffer Ruth 35.36
- Eivind Kvitstein, 35.52
- Adele Norheim Henriksen, 36.44
Strava- kommentar frå Espen:
- Blytunge bein. Per Christian Eggen Mjøs ville ikkje henge på heile vegen. Bra arrangement!
Til den kommentaren har Per Christian svara:
- Fordi eg og hadde tunge bein!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.