Nyttårsmaraton Ålesund under gode forhold skal ein tru YR

Postet av Atle Jomar Hole den 21. Des 2024

 

Treff YR med vêrvarselet sitt,vert det IKKJE glatte vegar i Spjelkavika 29.desember.

 

Men det er ganske langt fram i tid, så ein skal enno ikkje ta varselet for heilt «god fisk».

Førebels  (laurdag 21 desember klokka 18.30) hadde 124 løparar meldt seg på dei ulike distansane, såleis:

8 løparar på 5 km utan tidtaking

10 løparar på 5 km med tidtaking

15 løparar på 10 km

72 løparar på halvmaraton

19 løparar på heilmaraton.

 

Det er venta ein brei tropp frå Velledalen IL til løpet. I skrivande stund er Hilmar Kråkenes (heilmaraton) og Fridtjof Fredriksen (halvmaraton) dei einaste påmelde. Hilmar stiller i sitt femte heilmaraton i 2024. Målet hans er å kome under tre timar, noko han har gjort i alle løp i 2024. Hilmar er identisk med mannen som har sprunge lengst totalt i konkurransar for Velledalen IL siste året. Fridtjof har vore ein solid formløpar siste delen av 2024. Saman med Svein Arne Nakken og Njål Torillson Tyssing har Fridtjof flest startar for Velledalen IL i 2024

 

Vi ventar tosifra deltakartal frå Velledalen IL i løpa med start frå Moa. I kveldinga same dato (29.des) trommar klubben saman til Idrettsgalla i Straumgjerde.

Men før det skal Velledalen IL arrangere Romjulsmarsj 2.juledag (26.des), ein tradisjon laget har halde i hevd sidan 1979. Altså ein bolk på 45 år. Skal ein tru YR vert det optimale forhold for tur-vandring etter vegane i dalen 2.juledag 2024. Og det har det ikkje ALLTID vore under desse arrangementa.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.