Bravo Ingeborg Skogen – vann o-løp i Notodden!
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Des 2024
Takka vere Pernille har Velledalen IL gode o-løparar både her og der.
Ingeborg Skogen bur i Volda, men representerer Velledalen IL. Nyleg deltok ho i eit løp i Notodden, der ho gjekk heilt til topps i ei svært jamn kvinneklasse.
Resultat klasse A – dame kort:
- Ingeborg Skogen, Velledalen IL, 38.09
- Ingrid Olsen Haugen, Notodden OL, 38.17
- Randi Mork, Notodden OL, 38.30
- Emma Engehult, Notodden OL, 39.12
- Kristin Sandven, Notodden OL, 40.07
- Sølvi Fossøy, Eiker OL, 40.37
- Heidi Schatvet, Notodden OL, 40,57
- Anne Lene Tørdal, Notodden OL, 41,42
I ein kommentar til Nettsida skriv Pernille Ibsen Lervåg:
- Det er bra at vi har o-løpere som kan representere oss litt rundt omkring, og vinne til og med!
Vi seier oss 100 prosent samde med Pernille i den kommentaren.
Og dermed vert Ingeborg Skogen løpar nummer 74 som har representert Velledalen IL denne sesongen utanfor Sykkylven (heimkommunen). Slik vert ho med i trekninga av eit par gode løpssko frå Løplabbet i Bergen, trekt under Idrettsgallaen sundag 29.desember.
NB: Hugs idrettsgallaen sundag 29.desember klokka 18.00. Påmelding til Alf Petter Bøe, Frode Mauren eller Bjørn Arve Brune. Pris kr 50 for born, 100,- for vaksne og 200,- for familie
Program: Pizza, kaker, brus og kaffi. Prisutdelingar. Foto frå Idrettsåret 2024. Songinnslag Anette Fet. Og den store overraskinga; kanskje kjem «kongen» - ikkje han som heiter Harald, men Sondre
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.