Seks frå Velledalen IL påmelde til Birken-25
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Jan 2025
Foto frå 2022
Og talet kan stige fram mot rennstart på Rena 15.mars.
Svært gledeleg med seks påmelde frå Velledalen IL hittil. Så mange har ein sjeldan vore til start i dette storrennet
Her er namna og kva klasse dei går i:
Andreas Nakken, M 20
Vegard Riksheim Tandstad, M 35
Øystein Vikingsen Fauske, M 45
Øystein Bakke, M 50
Fridtjof Fredriksen, M 55
Svein Arne Nakken, M 55
Det kan fort gjort bli fleire. Kjell Magnar er ein aktuell kandidat og det same er Constantin Rust. Sistnemnde underkastar seg enorme mengder staking i Oslo-området, og kan vere truande til å vere mellom dei som stakar heile distansen. Og det kan trenast mykje og godt fram til 15.mars.
Fire av VIL-løparane har «seeding» mellom startpulje 4 -8.
Vegard Riksheim Tandstad og Øystein Bakke har førebels ikkje «seeding», noko som kan skaffast ved å stille i eit av mange «seedingsrenn» utover vinteren.
I Nyss sitt dekningsområde finn ein i alt 11 påmelde - alle menn.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.