VIL-utøvarar sprang både i Oslo og Bergen

Postet av Atle Jomar Hole den 9. Feb 2025

Trioen Espen Utgård Sæther, Anette Jokstad og Nikolai Handle Jensen testa form

 

Og vi må seie det ser lovande ut for alle tre. Anette er på veg tilbake for full etter eit lengre skadeavbrot. For Nikolai og Espen ser det lovande ut på noverande tidspunkt. Nikolai med ein ganske så klar personleg rekord på 10 000 meter innandørs.

 

Vi har henta litt frå Strava:

Espen Utgård Sæther: Brooks Winterrun, Bergen:

  • Tung løype, så ikkje all verda til tid. Deisa rett i sida på ein bil undervegs, så mista ein del rytme. Ein del slalåm mellom folk på runde to. Eit abonnement på Runners World rikare.

 

Anette Heimli Jokstad:

  • 10 km Bislettkjellaren: 42.06
  • Greitt å teste løpsstatus på Bislett Indoor Marathon. Helt OK utgangspunkt, 2 min bak fjoråret på samme tid. 6 uker med løping etter 3 mnd uten

 

Nikolai Handle Jensen:

  • Bislett Indoor Marathon 10 km: 34.05. PB.

 

Som vi ser kortfatta frå Nikolai. Men mannen er i form. PB står for personleg bestetid, så dette lovar godt for sesongen som knapt er i gang.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.