Njål har ikkje gløymt det!
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2025
Kobberløpet sin distanse over 43 km hadde i dag 182 fullførande. Njål var ein av dei.
Kobberløpet er eit stort skirenn i Sulitjelma, med distansar på 11 km, 23 km og 43 km. Dei to kortaste distansane går under kategorien trim. Kasper Stadaas, kjend langløpar, vann rennet på 1.56.12. Kasper representerer Heming IL i Oslo. Ikkje ukjende Petter Northug Jr. vart nummer fem på tida 2.03.09. Han representerer «Team Burger King». Vi kan ikkje akkurat seie at vår mann Njål Torillson Tyssing pusta Northugen i nakken, men han kryssa mållina berre 26 plassar bak Northug jr, på tida 2.31.18. Tek vi ikkje mykje feil, heldt Njål si tid til ein gild 4.plass i klasse M 41-45.
Og av tidene kan vi sjå at Njål hadde greitt merkekravet i Birken på strak arm, sjølv om det er ei heilt anna løype.
Njål sin Strava-kommentar:
- Kjekt gjensyn med langrennskia. Må lære meg å stake, så fann mest glede i motbakkane. 31.plass. Og eit fantastisk arrangement i flott terreng i Sulis.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.