Hilmar trenar til Oslo-Bergen. Sprang 100 km.

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2025

 

Laurdag 5.april kan ein lese på Strava at Hilmar Kråkenes sprang 100,13 km

 

Og det gjorde han som eit ledd i treninga til eit løp han skal delta i til sommaren; nemleg Oslo-Bergen. Og merk han skal ikkje ta toget, han skal ikkje køyre bil eller buss. Nei, mannen frå Deknepollen skal springe (!) på sine eigne bein. Nettsida kjem tilbake til dette løpet fleire gonger frametter våren/sommaren.

 

På Strava skreiv Hilmar om sine 100,13 km:

  . LAURDADKOS. Fordi eg kan.

 

Ikkje overraskande har det kome ei rekkje reaksjonar frå andre:

  • Kos?!? Du såg heilt sikkert TOTALT feil i ordlista!
  • Helt vanvittig, kjære!
  • Berre å lese det, riv i lekamen min.
  • Imponerande økt
  • Det her er helt vanvittig imponerende!
  • Meget sterkt, Hilmaren vår!
  • Heilt rått og veldig inspirerande, sjølv om du «kan»
  • En ekte storblåsar du, Hilmar
  • Its a bird, no, its aplane, no. it´s Superman
  • Heilt vanvittig, sjølv om eg er litt skuffa over at det ikkje kjem noko «Laurdag 2-økt på deg.
  • Imponerande, du er jaggu godt trent
  • Herregud! Du imponera kvar einaste dag!
  • Du er en rå mann, Hilmar Kråkenes
  • Wow – heilt vanvittig!
  • Heilt sjukt, heilt imponerande og digger at du kan.

 

Og Hilmar sjølv skriv:

  • Og for å vere seriøs. Er ein veldig lykkefølelse å gjennomføre dette i dag. 50% av løypa er opp og ned. Tusen takk til alle som fylgjer meg og gjev feedback. Tusen takk! Skal kvile resten av dagen

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.