Sterke VIL-veteranar i Atlanterhavsløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2025
311 påmelde, 264 fullførande. Mellom desse Eldar Sindre Valkvæ, Bjørn Arve Brune og Stian Hole.
Løpet er 10,5 km langt, og vert rekna som eit av løpa med vakraste omgjevnadar – når vêret er vakkert, vel å merke.
Slik gjekk det med våre, av 264 fullførande:
33. Stian Hole, 43.25
44. Bjørn Arve Brune, 44.17
53. Eldar Sindre Valkvæ 45.38
Eldar Sindre vart klassevinnar i M 65-69
Bjørn Arve Brune vart klassevinnar i M 60-64
Stian Hole vart nummer 3 i klasse M 45-49
Klassa til Stian talde 15 fullførande, her er namna på dei seks beste:
- Håvard Bjerkeli, MOI, 42.43 (tidl. landslagsmann i langrenn, sprint)
- Trond Erik Wollan, IL Norodd, 42.45
- Stian Hole, Velledalen IL, 43.25
- Arunas Saunorius, Litauen, 43.53
- Stig Oldervik, Sunndal, 46.02
- Ole Martin Hansen, 46.36
Beste herre i løpet, uansett klasse: Are Fetveit, IL Norodd, 36.15
Beste kvinne i løpet, uansett klasse: Olivia Gwynn, Storbritannia, 39.01
Stor honnør til Hanna Gjærde, Stranda IL. Ho kom i mål på tida 49.47. Med den tida vart ho nummer 22 av alle kvinner, og nummer 11 av 50 fullførande i klasse K 23-34. Ein flott prestasjon av ein potensiell utøvar i det komande Konradløpet (1.mai)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.