Vellukka feiring av Brunstadbakken 27.mars
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Apr 2025
15-20 personar møtte til VIL-markeringa av at det var 60 år sidan siste rennet i bakken.
27.mars 1965 vart det siste rennet i Brunstadbakken arrangert. Altså 60 år for kort tid sidan. Sidan jubileumsdagen var skikkelg grå, vart markeringa halde innandørs i kafeavdelinga til Nærbutikken i Velledalen. Mellom 15-20 personar møtte, og vart servert som i bakken; pølser i papir, buljong og kaffi – i tillegg til kaka som Asgeir Tandstad har fotografert. To av karane i Velledalen IL sitt hovudstyre frå 1965 møtte. Nemleg Johan S. Grebstad som var kasserar og John Sverre Holmberg som var styremedlem. Ein tredje kar i hovudstyret, Arvid Henriksen, er også i live.
Rennet vart vunne av Johan Flytør, Hans Olav Sørensen sette ny bakkerekord (60,5 meter ståande), junioren Hans Jørgen Næss frå Fram 1907 hoppa ned på sletta under prøveomgangen (65,5 meter) og braut ankelen. Jan Olav Roaldseth vart tredje best, og ein purung kar i klasse yngre junior (16-17 år), Ingolf Mork viste seg fram. Han skulle få år seinare bli landets beste skihoppar. Frå Sykkylven kommune deltok Olav P. Hole og Arnold Bolstad, begge Velledalen IL og Arnold Lyshol, Sykkylven IL. Lyshol var med sine 146 poeng, halvpoenget føre Hole. Bolstad var 2,5 poeng bak Olav P. igjen, så dei var jamne.
Dei frammøtte mimra om lange hopp, om korte hopp, om utgravinga av bakken, og vêret og serveringa og om trafikk-kaoset til slutt.
Ingen av dei mange gutehopparane frå Velledalen IL på 1960-talet møtte til samlinga, som genererte 1450 kroner i kassa til Nærbutikken, pluss det dei frammøtte eventuelt handla for. Ei gild stund!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.