Smånytt vedkomande Konradløpet 1.mai

Postet av Atle Jomar Hole den 26. Apr 2025

 

Her kjem nokre fakta basert på stoda 26.april klokka 08.00

 

Nokre fakta vedkomande Konradløp nummer 22 – basert på stoda 26.april klokka 08.00:

  • Tal påmelde : 96
  • Prosent kvinner: 40,63. Eit høgt tal samanlikna med mange andre løp, men lågare enn normalt for Konradløpet.
  • Storbritannia har fått sin fyrste løpar påmeld. Like eins Belgia og Litauen, men det er Polen som toppar utanom Noreg.
  • Stranda nest beste kommune i påmelding så langt, men Ålesund pustar dei i nakken etter sterk påmelding siste dagane.
  • Fem utøvarar over 80 år påmelde, den eldste av desse (Jarle Konrad Fausa) fyller 85 år 10.mai.
  • Fjorårsvinnar Robert Vasset (14.56) har meldt seg på, veteranen Jan Ketil Vinnes og motbakke/fjelløpar Jonas Hesthaug.
  • Storbyar som Oslo, Trondheim og Tromsø har meldt på løparar, mindre stadar som Valldal og Gurskøy det same.
  • Vêrmeldingane for løpet er litt usikre; det siste er opphaldsvêr og meir enn 10 plussgrader (sjeldan mildt).
  • Løpet har fellesstart klokka 05.15 (grunna ferje-avgang 4.20 frå Magerholm).
  • Utøvarar utan tidtaking som veit dei vil bruke lang tid, KAN STARTE FØR (ver då OBS når feltet kjem).
  • Alle med betalt startkontingent er velkomne til frukost/premieutdeling/program-morgon i Velledalen gendahus etter løpet.
  • Vi minner om at alle over 90 år, og alle med KONRAD som føre- eller mellomnamn, har gratis startkontingent.
  • Familie-prisen for heile GILDET er kroner 500,- latterleg billeg moro!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.