Konradløpa 2025 takkar
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Mai 2025
Kring 450 deltok samla i PåskeKonrad, MiniKonrad og Konradløpet
- Det er stor forskjell på leik og alvor, song Lena og Anette Fet under premieutdelinga i grendahuset i dag.
Og dei tre konradløpa er nettopp ei blanding av leik og alvor. Somme legg sjela i det, andre fullfører stilreint med låg puls, utan antyding til snørr i nasen eller slim i munnen.
Alle - uansett fart, stil og bekledning - er like velkomne i Konradløpet. Løpet er eit lågterskel breidde-arrangement, med sosial profil, til ein overkomeleg pris.
Konradløpa er læra om at god fysisk helse gjer alderdomen lettare.
Det opna med påskeKonrad onsdag i påskeveka med 61 fullførande. Klart ny rekord.
Så kom MiniKonrad 27.april med 119 fullførande i alderen 0-14 år (rekord 203).
Sist ut var det vi kallar hovudløpet, med 267 påmelde - godt bak rekorden, men likevel imponerande i ruskevêret.
Samla deltok nær 450 i løpet av kring ti april-dagar, eit tal vi er nøgde med.
- Livet er eit spel, og det er opp til deg koss du vil tolke rolla di, song Lena og Anette frå scena i dag. Alle litt opp i åra veit at slik er det! Eit arrangement som Konradløpa gjer seg ikkje sjølv. Takk til dei som stiller opp år etter år. Minst 50 i talet kvart år. Takk til dei som støttar løpa med sponsing. Sponsing av premiar, kaker, annonser og mykje anna. Konradløpa prøver sjå alle, anten ein ligg i vogn og nærast er nyfødd, eller om ein heiter Magnus Ødegård og går i sitt 92.leveår. Ingen andre løp på Sunnmøre kan rade opp ei slik samling utøvarar over 80 år som Konradløpet. Mannen løpet er til ære for, hadde likt det han såg om han var her. Sjølv var han 82 år då han debuterte på halvmaraton i Ålesund. Og han var klar på at; for han gjorde fysisk aktivitet godt!
Takk for arbeid og takk for deltaking – Velledalen IL burde truleg arrangert fleire løp gjennom sesongen. Kjensla seier mange ville likt det, og det er ikkje usannsynleg at våre trufaste løparar, Frode Mauren, ville sagt;
- Ja, få meir løp, eg vert gira av slike arrangement!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Ole Robert Strømme årets sensasjon.
03.05.2025

Mest menn i årets Konradløp
03.05.2025

Hyrox på FunkFit – laurdag klokka 13.00
02.05.2025
2797 grasrotkroner i april 2025
02.05.2025