Hilmar klassevinnar på Åheim 1.mai
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Mai 2025
Arkivfoto
Hilmar Kråkenes var åleine om å representere Velledalen IL under det tradisjonsriket løpet på Åheim.
Deltakinga var god. Knappe 200 deltakarar medrekna born ned i seks års alder. Løpsvinnar vart sterke Marius Vedvik, som sprang løypa på 9.59 i gråvêret
Beste kvinne vart skiskyttar-toppen Maren Hjelmeseth Kirkeeide frå Markane IL, med tida 12.50.
Vår mann, Hilmar Kråkenes, brukte 12.25 som vinnar av klasse M 45-49. Ei respektabel tid sidan han ikkje var meir enn nøyaktig minuttet bak ein sterk løpar som Kristian Nedregård (11.25). Og han slo Martin Hauge Nilsen, som reiste rett frå Konradløpet til Åheim, og finfin 3.plass i klasse M 35-39 på 12.38.
Vi kan slå fast at Hilmar er i rute mot større oppgåver som ventar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.