Hyrox-suksess hos FunkFit Sykkylven

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Mai 2025

 

Heile 25 personar møtte til økt med Anette og Nikolai frå Røa i Oslo.

 

Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad er allsidige idretts-utøvarar. Begge med bakgrunn frå fotball. Nikolai i Røa, Anette i toppserien med Kolbotn. Fotballen vart etter kvart på hylla, og treninga retta mot OCR-hinderløp, ordinære løp og Hyrox. Sistnemnde grein er i vinden som aldri før. Nyleg var Anette og Nikolai i Malaga i Spania og gjorde det skarpt i ei par-tevling for mixa par.

 

I samband med at dei to utøvarane frå Velledalen IL si Oslo-avdeling kom for å delta i Konradløpet (Nikolai vann), sjekka dei inn til ei lita, allsidig treningssamling i Sykkylven. Som eit ledd i denne, vart det for ei skada Anette sin del, trena fleire økter hos FunkFit. Paret tok også på seg instruktør-jobben til ei Hyrox-samling på laurdag 3.mai, ei samling som var tromma saman på kort varsel, i FunkFit sitt lokal i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken.

 

Imponerande 25 personar møtte. Frå folk i pensjonsalderen til tenåringar. Vi kunne sjå gravide kvinner og kvinner som nyleg hadde født. Breidda var stor, og det var klart kvinnefleirtal mellom dei frammøtte. Men også menn med rier. Sveitterier. Og det vart ei givande økt, med stor iver og intensitet. Kan hende «Hyrox-frøet» var sådd i nokon denne regnvåte laurdagen….? Omkvedet var i alle fall:

Dette var kjekt, dette må gjerast oftare!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.