Sofie og Malin på o-samling på Emblem

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Mai 2025

 

Svært gledeleg: Vi har fått melding om at to jenter er på o-samling denne helga.

 

Heldigvis, Velledalen IL er ikkje heilt utradert på o-fronten. I dag er Sofie Fløttum Fauske og Malin Welle på o-samling i regi av Emblem IL. Og det vert ein travel dag med ikkje mindre enn tre økter. Ei skogsøkt, ei sprintøkt i tillegg til ei seinøkt. Samlinga vert avslutta med KM sprint i morgon, hittil med 55 påmelde, og stor dominans frå MOI og Emblem IL. Det vert meldt om strålande vêr og god stemning.

    Velledalen IL ynskjer Sofie og Malin lukke til med resten av samlinga/løpet. Og vi utfordrar Alastair Brunton: Les du dette hiv deg med på KM sprint i morgon! Du er fullt på høgde med dei øvrige i klasse M 40+


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.