Espen spring maraton i København 11.mai

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Mai 2025

 Arkivfoto

Kan han snuse på sin eigen klubbrekord frå Berlin….?

 

I fjor sprang Espen Utgård Sæther heilmaraton i Berlin på 2.27.03. Denne tida er gjeldande klubbrekordfor Velledalen IL på distansen. I København har Espen tidlegare gjort sterke 2.30.22. Vi vil tru Espen satsar på ny bestetid i København.

 

Alt 23. mars viste Espen Utgård Sæther knallform. Då sprang han halvmaraton i Malaga på 1.09.16. Fyrste gong under 1.10 er noko spesielt. Men då han prøvde seg på Grue 1.mai, fekk han det ikkje til, med diverse plager undervegs i løpet som medverkande årsak.

 

Vêrmeldingane for København i morgon er gode. Ikkje nedbør og ganske så svalt.

Velledalen IL og løpsvenar i Sykkylven ynskjer Espen masse lukke til på hans fyrste heilmaraton i 2025!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.