Ole Robert spring Åndalsnesløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Mai 2025
Laurdag 24.mai spring Ole Robert Strømme det 5 km lange Åndalsnesløpet
Ole Robert Strømme var årets komet under Konradløpet. Tida 15.18 – og totalt 6.best – var i overkant av kva dei største optimistane hadde venta. I morgon er han på plass i Åndalsnes, der han deltek i det 5 km lange Åndalsnesløpet. Eit løp som normalt samlar mellom 50-100 deltakarar. Løpet er altså 600 meter lenger enn Konradløpet, og vil passe godt til Ole Robert.
Resultat frå Åndalsnes kjem på nettsida i løpet av helga.
Vi nemner i same slengen at Ole Robert har planar om halvmaraton-debut i Ålesund laurdag 7.juni. Der han stiller saman med ein ganske så stor VIL-tropp.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.