KM halvmaraton: Sverre åleine om å forsvare Romsdal si ære
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Mai 2025
KM halvmaraton for Møre og Romsdal vart laurdag 24.mai arrangert på Vartdal, i kollisjon med mellom anna Åndalsnesløpet.
Såleis var deltakinga skrinn frå nordre luten av fylket. Så skrinn at Sverre Kjerpeset, Isfjorden IL, var åleine om å kjempe for Romsdal si ære. Og det gjorde mannen med sko-størrelse 49, på ein glimrande måte. Han vart nummer to i klasse M 35-39 på tida 1.29.42, som er ny personleg rekord. I ei tung løype med kring 290 høgdemeter. KM-vinnar i klassa til Sverre vart Einar Orten Trovåg, Hareid IL på 1.26.48. Tredje beste utøvar vart Ole-Christian, Heltne, Volda T&IL på 1.35.25, så der var avstanden særs god for Isfjorden IL sin løpar.
Totalt fullførte 116 utøvarar halvmaraton-distansen på Vartdal i Ørsta kommune. Av alle desse – uansett klasse – vart Sverre Kjerpeset nummer 21. Framgangen hans som løpar vert lagt merke til.
Neste sesong bør friidrettskretsen strebe etter å unngå stemnekollisjonar, og gjerne flytte halvmaraton-KM til Romsdal eller Nordmøre. Målet må vere at heile fylket skal vere representert i slike mønstringar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.