Storhornet 497: -Flott levert, Robert Vasset!
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Mai 2025
Motbakke-sesongen opna nyleg med Eikenosa Opp, og fylgde opp denne helga med Storhornet 497.
Staden er Godøya. I alt med 49 fullførande, mellom desse mange sterke romsdalingar. Einaste løpar frå Velledalen IL var Robert Vasset. Han gjorde ein flott figur som det går fram av resultatlista
Resultat Storhornet 497, arrangert 25.mai 2025
Over 20 år:
- Petter Engdahl, Isfjorden IL, 24.05
- Lasse Finstad, Ålesund FIK, 25.58
- Hallvard Seim Grøvlen, OL Trollelg, 27.20
- Trygve D.Markås, Oksskolten IL, 29.34
- Yngvild Kaspersen, Tromsø Løpeklubb, 29.50 – beste kvinne
- Janne Elin Vatnaland, Spirit FIK, 30.13
- Robert Vasset, Velledalen IL, 30.25
- Ole Chr Farstad, Valderøya, 31.15 – best over 40 år
- Torbjørn Sande, Ørsta IL, 31.44
- Thomas Sandhaug, MOI, 31.59 – best over 50 år
Beste gut under 20 år: Kristian Skjeflo Unhjem, Isfjorden IL, 28.25
Beste jente under 20 år: Anna K. Bruseth, Romsdal Randone, 34.29
NM motbakkeløp vert i 2025 arrangert på Sunnmøre (Mefjellet Opp) med start i Fjørå i Fjord kommune med Valldal IL som arrangør. Så her er det berre å halde forma ved like.
Robert sin Strava-kommentar:
- Brutalt! Ikkje heilt dagen, men som forventa med tanke på nattevakt og treningsmengde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.