Hilmar sitt løp for Psykisk Helse 2025

Postet av Atle Jomar Hole den 27. Mai 2025

 

Her får du eit kortfatta samandrag om løpet 31.mai 2025

 

Hilmar Kråkenes bur i Deknepollen, men spring for Velledalen IL, noko han har gjort dei siste sesongane. I 2024 vann han tre av fire maraton han deltok. Alle med godt under tre timar som sluttid. Han vart Velledalen IL sin einaste KM-vinnar i heilmaraton då han gjekk til topps på Hareid i klasse M 45-49, i eit løp der han også vart totalvinnar. Han var mannen som la bak seg lengst distanse under konkurranse for Velledalen IL i 2024.  Hilmar skal i starten av juli springe det 500 km lange løpet Oslo-Bergen. Men før det, nærare bestemt laurdag 7.juni spring han heilmaraton i Ålesund, meir som ein «sprint» for han å rekne.

 

LØPET FOR PSYKISK HELSE 31.MAI 2025:

Den 31.mai 2025 arrangerer Hilmar Kråkenes Løp for Psykisk Helse. Då skal han jogge 7km kvar time frå klokka 06.00 til og med klokka 20.00 – totalt 105 km. Løpet har hovudbase på Ytre Kulen 27, heimen til Hilmar. Det er alltid start her. Alle som deltek får medalje. Dei som er med 10 timar eller meir, vil få glasmedalje. Det er ikkje krav om å jogge – du kan også gå eller sykle (dei fleste joggar). Kvar runde startar kvar heile time fram til og med klokka 20.00 om kvelden. Du kan sjølv velje når du vil vere med. Det er også mogleg å kome igjen seinare dersom ein ynskjer det. Farta vil vere ein stad mellom 5.30 min/km og 6.30 min/km. Målet er å skape openheit rundt psykisk helse og samle folk til fysisk aktivitet og fellesskap. I 2024 deltok kring 60 personar.

 

Pengane som blir samla inn, går til arbeid med ungdom i lokalmiljøet.

 

Velledalen IL har alt gått inn med støtte.

Og oppfordrar Hilmar sine idretts-vener i laget vårt om å gjere like eins (sjølvsagt valfritt beløp)

Her dreg kvar krone i rett lei!

 

SPLEIS: www.spleis.no/psykiskhelse2025

BANKKONTO: 3705 18 91881


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.