Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jun 2025
Det er ikkje berre i Ålesund det skal springast komande laurdag, familien Fløttum Fauske stiller full tropp under Det norske fjellmaraton på Beitostølen laurdag 7.juni.
Og løpet på Beitostølen er større enn i Ålesund. Torsdag 5.juni klokka 12.00 hadde 1690 utøvarar meldt seg på. Her kan ein delta i Heilmaraton, halvmaraton, miniton, Fjellbukk, Fjellgeit, Fjelltass, i tillegg til halvmaraton rullestol.
VIL-troppen frå familien Fløttum Fauske stiller slik:
Miniton – tom 12 år: Sigurd Fløttum Fauske
Miniton – K 14-15 : Sofie Fløttum Fauske
Miniton – M 16-17: Johan Fløttum Fauske
Fjellbukk – K 45-49: Marianne Fløttum
Fjellbukk – M 45-49: Øystein V Fauske
Då VIL-nett kika på påmeldingane i dag var det færrast deltakarar i klassa til Marianne (5 stk), og flest i klassa til Sigurd (27 stk). Men påmeldingane kan sjølvsagt auke fram til start laurdag, som er 11.45 for løparane som spring Miniton og klokka 12.00 for dei to vaksne i Fjellbukk-løpet.
Velledalen IL ynskjer lukke til komande laurdag!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.