18.juni er det klart for nye sommar-løp i Ålesund
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Jun 2025
Merk datoane denne sommaren: 18.juni, 9 juli og 13.august.
Ålesundsløpa held fram med å arrangere sommar-løp i Ålesund. Datoane framover vert 18.juni, 9.juli og 13.august. Distansane vert 5 km eller 10 km, der den kortaste eignar seg særs godt for «ferske» løparar, i kontrollmålte løyper med fellesstart klokka 18.00. Løpet går innover Vass-stranda med start frå parkeringa ved Nybø-marka. Etter halvvegs distanse snur løparane tilbake til start/mål. Løpet går på gangveg og bilveg langs Lillevatnet og Brusdalsvatnet, med liten biltrafikk. Etter kvart av løpa vert det trekt premiar på startnummer. Dei som deltek i minst to av tre løp får medalje etter siste løpet 13.august. Påmeldinga er open heilt fram til start. Løpa er meint som eit tilbod både til feriegjestar, og dei som held seg heime heile eller deler av ferien.
Måndag 16.juni klokka 15.45 stod 16 namn på påmeldingslista til opningsløpet. Einaste frå vår klubb på dåverande tidspunkt var Ludvig With i klasse M 50-54. Men vi veit det blir fleire – kanskje til og med mange fleire!
Resultat kjem på nettsida på kveldstid 18.juni.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.