Roger sitt Birken-fall enda i beinbrot

Postet av Atle Jomar Hole den 17. Jun 2025

 

Ein fot med ei raud tå var einaste foto vi hadde frå Birkebeiner-løpet i år.

 

Foten/tåa tilhøyrde Roger Malvin Hole, og det er utøvaren sjølv som fortel:

  • Eg kjende meg bra, betre enn på lenge. Og det gjekk også greitt. Både etter åtte og 14 km låg eg heilt på bikken til merkekravet. Men det var etter ca 14 km det fatale fallet kom. Smertene var der heilt klart, men ikkje verre enn at eg sprang vidare. Seinare kom eit nytt fall, og eg skjøna at dette ikkje var min dag. Men eg fullførte til nokre sekund i overkant av 1.51 og ei heiderleg plassering i klasse M 55 -59.

 

Men ettersom timane skreid fram, vart det klart at denne skaden ikkje var truskuldig:

  • Løpet var altså laurdag 14.juni. Måndag 16.juni gjekk turen til sjukehus og undersøkingar. Der vart brotet stadfesta, som betyr ei pause frå det sportslege. Irriterande, men slik er det!

 

Kanskje rekk Roger Malvin siste del av sesongen, men som 59-åring skal han ikkje ta noko for gitt. Restitusjonstida stig med alderen. Kanskje skal han slå seg til ro med at «Dett var dett» i klasse M 55-59, lø kraftig opp til 60 års dagen 3.januar 2026, og kome beinhardt tilbake i klasse M 60-64 i 2026….

 

Velledalen IL ynskjer i alle fall god betring!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.