Birken-kommentar frå nr 114 i K 40-44
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Jun 2025
Ein liten tankevekkjar i kvardagen som bør lesast!
Nettsida har i dag teke mot ein kommentar frå nummer 114 i K 40-44 frå Birkebeinerløpet 2025. Den lyder slik:
- Tida seier det meste – inga bragd for historiebøkene. Men med skralt treningsgrunnlag og fleire stopp for å yte fyrstehjelp til meir eller mindre medvitslause løparar, var det ikkje meir å vente. Stort potensiale for forbetring, skriv denne utøvaren som altså representerte Velledalen IL under Birkebeinerløpet sist laurdag. Eit løp som i ettertid har hausta kritikk for mellom anna manglande drikke til løparane, på ein dag med sterk varme.
På vegne av ALLE dei som fekk hjelp føyer vi til:
- Takk Janne – for at du «ofra deg» for dei som trong ei hjelpande hand i ei kritisk stund denne laurdagen! Alltid trygt å ha legar/helsepersonell mellom dei startande, uansett arrangement. Dei er ofte på rett stad til rett tid lenge før Røde Kors og andre hjelpeinstansar er der. Slike personar er gull verdt i ei oppreva og usportsleg verd, som Flettfrid Andresen ein gong så treffande sa det.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.