Anette tilbake i konkurranse – fin 3.plass i dag
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Jun 2025
Begge OCR-utøvarane våre, Nikolai og Anette, har vore skadeplaga denne våren/sommaren
Dei som hugsar godt minnest at Nikolai Handle Jensen vann årets Konradløp, medan sambuar Anette Heimli Jokstad måtte stå over med skade. Men begge var med og kasta glans over FunkFit Sykkylven med ei skikkeleg «godøkt» for ein fin gjeng der. Ei stund etter dette, var det Nikolai sin tur til å bli skada.
Etter eit langt opphald borte frå konkurranse, gjorde Anette comeback i Hønefoss i dag, der Bootcamp Survivor 2025 vart arrangert, Anette fekk ei fin plassering med 3.plass i eliteklassa. Nikolai stod over, men han er i trening, og vi håper han snart er tilbake
Her er resultata. 8 km hardcore hinderløp, elite kvinner:
- Katrine Haaland Leveraas, Gjesdal IL, 58.43
- Adna Tahirovic, Nannestad IL, 1.03.07
- Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL, 1.05.30
- Toril Egner, Midgard Hinderløpklubb, 1.20.51
- Sandra B.L. Bertelli, Midgard, 1.26.39
- Line Elise Ringkilen, Midgard, 1.27.39
Anette sin Strava-kommentar:
- Bootcamp survivor, årets fyrste hinderløp. Kom helskinna gjennom og fikk med en 3.plass. Gøy og fint på hindrene, og som forventet for dårlig løpsform til å henge med de raskeste.
Resultat herrar elite, 8 km:
- Espen Berget, Spirit Friidrettsklubb, 48.14
- Luke A.J Cambridge, Haugesund IL, 49.03
- Brage Malm Monstad, Tyrving IL, 50.34
- Jørgen Tresselt, Try Idrettslaget, 52.10
- Kristoffer Adolfsen, Try Idrettslaget, 53.07
- Johannes Vennemo, Midgard, 56.16
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.